Sunday, May 17, 2009

Brasil








Før me kom te Brasil måtte me naturle nok venta i Lima i ein del tima (ekje reising uten flyplassventing.) Landa i Sao Paulo kl 0700 ette 20 tima på reis, der venta 7 tima me buss te Rio. Da positive va at bussturen gjekk ganske fort sia me sov nesten heile vegen. i Rio hadde me allerede betalt før 2 nette i Copacabana so me reiste rett på hostelle å slappa av eit par tima før me tok fatt på byen. Me landa på ein laurdag men va altfør slappe te å ta oss te nåke so helst. la oss tidle og brukte søndagen te å gå i gatedn og å henga på beachen. Søndagskvelden va da fotballkamp mellom Flamengo og Botafogo, va irriterande at me ikkje fekk veta om da her litt før. Me satte oss på hostelle og såg kampen med dei som "jobba" (va litt vanskele å veta kå stillingen te mange av dei va, dei fleste berra va dar) dar istaden. Flamengo vann og da va bra stemning i byen når me reiste ut før å eta seinare på kvelden.

Mandagen va må sånn tur rundt i Rio, va på Christ-statuen, og masse ant stash me ikkje heilt skjønte poenge me. Ei tropp blant anna. Men da va ein grei tur, fekk ivertfall ein oversikt øve kåleis Rio såg ut. Og me fekk sett favellaen, som ikkje virka so skremmande so me trudde. På kvelden reiste me på eit båtparty me to norske jente som va på akkurat samme turen som oss pluss ein kar so jobba på hostelle. Båten reiste klokka 12 so da blei ganske seint kan du sei, kjekt va da vertfall. Tysdag gjekk me te soving og oppladning te kamp! Arsenal - United. Gjekk selfølgele som alle trudde og ein tredjedel av reisefølgje vart glad. Gaute reiste heimatt før å gjera seg klar før Hanggliding dagen ettepå, mens Torstein og Eirik reiste på ein pub før henholdsvis å feira og å gløyma.

Onsdag reiste Gaute på hanggliding mens Torstein å Eirik berra slappa av å venta på at han skulle komma att i god behold. Han kom att i god behold men litt skuffa øve heile opplevelsen. "Folk burde ikkje sløsa vekk peing på slikt rall." Onsdagskvelden bestemte me oss før å reisa te Ilha Grande dagen ettepå men slo da ifra oss igjen torsdagsmorningen pga. at me ville på kamp på Maracana søndag. Torsdag gjorde me ikkje so masse, gjekk å trødde i gatedn og såg på folk, på kvelden derimot blei me kjent me ein engelskmann og bestemte oss før å ta turen te Ipanema før me hadde høyrt at da skulle vera bra. Kanskje da berra va me so gjekk feil elle om heile område va sånn men me havna ivertfall på ein homseklubb ettekvert. nåke so må seiast å vera ein ny opplevelse. Me tok ei øl og bestemte oss før å komma oss tebake te kjente strøk, og tok ein taxi tebake te Copacabana. Her fant me ein ny klubb og va her te me bestemte oss før å reisa heimatt ikkje so altfør seint. Fredag reiste Torstein på Copacabana mens Eirik og Gaute foretrakk å sova. Når han kom tebake på hostelle hadde dei andre våkna og me fekk veta at Lapa va "the place to be" på fredaga.

Lapa va heilt villt, ein einaste stor gatefest. I utgangspunkte va me ein stor gjeng so reiste fra hostelle, men Torstein og Eirik kom vekk ifra gjengen ganske tidle so mens Gaute og resten av gjengen reiste på ein klubb ein plass dar so gjekk Torstein og Eirik rundt i gatene å snakka me folk, møtte blant anna 2 finna og nåke styr. So skjedde jo da so måtte skje, mens Torstein va på dass blei Eirik robba av ein gjeng me dritonga, detta tykte jo Torstein va kjempe stas før dei 5 minutt seinare kom å angreip han og! Men verdensvante so me ha blitt hadde me mesteparten av pengane våre i sokken so da einaste dei fekk va 2 capsa og småpeng (lær dikka å stjel møkkafolk.) Ette at me hadde blitt robba va me egentle litt fedd av heile plassen og bestemte oss ikkje lenge ette på å bli me ein braslianar på ein klubb nedi sentrum, og trur du jaggu ikkje at me havna på ein ny homseklubb (!!!) Denna gangen bjønte me berra å le og følte egentle at da va litt før sjukt te å vera sant. Me va ikkje der so altfør lenge før me stakk tebake på hostelle. Gaute hadde vore i Lapa heile kvelden og me kom tebake omtrent på likt alle 3.

Laurdag va dan store avslappingsdagen og me venta egentle berra på Fluminense - Sao Paulo på søndag. Me hadde blitt bra kjent me han engelskmannen på detta tidspunkte so me satte oss i hostellbaren me han og slappa av på kvelden, før me fekk ein melding av ein an kar som hadde blitt kjent med om at dei skulle på ein nattklubb litt utafør sentrum, uten egentle so masse ant å finna på bestemte me oss før å reisa dit. Og da va bra at me gjorde før på borde rett atme oss sat Romario (ja, han ja) å drakk champagne me 4-5 dame, pinglete so me e so tårte ingen av oss å gå bort å spørja om bilde elle autograf elle nåke ting. Nåke me angra på ganske sterkt i dag.

Søndag va ein begivenheitsrik dag, først ut va Fluminense - Sao Paulo, nåke som va artigt men og litt skuffande, når ein stadion so teke 95 000 berra vart fylt med 15 000 so blikje da dan store stemningen du hadde håpt på. Men da e fortsatt Maracana og da e fint å ha vore dar. Fluminense vann 1-0 so me heia ivertfall på rett lag. Ette kampen reiste me sammen med ein israelsk kar me hadde blitt kjent me ut før å eta på ein sånn "et so masse kjøt du vil" plass, men før me kom so langt skulle dan 3. i reisefølge bli robba. Denna gangen va da litt meir skummelt ettersom da kom ein kar opp te oss mens me va på veg ned ei litt dårle opplyst gata i Copacabana og trua israelitt me nåke som skulle forestilla ein pistol unde t-skjorta, mens me gjekk dar klarte Eirik og Torstein å komma seg vekk mens Gaute og israelitten blei stoppa. Her va da egentle berra ein ting å gjera, å da va å gi han litt peng og håpa på at han stakk, å heldigvis so sprang han vekk me ein gang han fekk da han va ute ette. Sjøl om me hadde fått oss ein liten støkk måtte me jo fortsatt ha mat, so me reiste på dan omtalte resturanten og me blei sittande her i oppte fleire tima me fysiske smerte og vanska før å gå. Ekje so lett når servitørane kjemme rundt med 40 førskjellige typa kjøt, og me vil prøva alt. Og selfølgele ville me ha meir av da me likte.

Mandag reiste me te Ilha Grande ette at da blei utsatt pga. Maracana. Her møtte me opp me dei 2 norske jentene fra Rio og kulan på strandi i 3 daga. Eirik fekk og ufrivilligt svingt seg når me va i bursdag te ei lokaldama. So sambaskillzi site ganske solid no føle han. Me tok ein dag på Lopas Mendes som må vera dan mjukaste stråndi i verden, da va meir so å gå i potemjøl. Tenkte kanskje me skulle få surfa litt her og men da blei vanskele når da ikkje va bølje. Va rolige daga egentle heile veka, me møtte igjen finnadn fra Lapa so me va litt me dei eine kvelden. Før me på Torsdag møtte opp me nåken Førdianara og reiste på ein BBQ på da eine hostelle. Her trur eg faktisk at hallparten va nordmenn, me va ivertfall eit heilt langbord stappfullt av bleike vikinga. Da va ein bra kveld og ein fin avslutning på Ilha Grande.

Fredag regna da so me såg 3 filma på tv.

Laurdag reiste me te Sao Paulo før å ha eit par daga før me ska på flye i måro! Va egentle ganske beat når me kom fram so me fann oss eit hostell fort og reiste sporenstreks! Va ikkje so lett å få sova når me hadde 2 fulle finna (dei samme so me møtte i Lapa og Ilha Grande) som dreiv å ropte å skreik ette at dei kom att frå fest. Dagen i dag gjekk me på eit kjøpesenter ein plass her i Sao Paulo, ha ikkje snøring på kåleis da ser ut her i byen. Metroen e vertfall ein fin ting.

No venta 20 tima me reising i måro, da bli selfølgele heilt rått! So snakkast me i Norge på tysdag!

No gidda eg ikkje skriva meir blogg! håpa de ha kost dikka, veit da ha vore langt mødlo oppdateringadn men da faor helle stao te. ekje første prioritet før oss detta her :)

Takk te:

Journalist/Fotograf/Sjæf Bilderedigerings stab Eirik S. Lysne
Journalist/Fotograf Torstein Fardal
Fotograf Gaute H. Sandnes

Og selfølgele alle so ha gidda å lest bloggen vår i 4 måna!

PS. Me hata mgp generelt og Rybak-helvetten spesielt! Pga. han so har me våre so neafor at me ikkje orka å feira 17. mai... TOSK!

Bilde 1: Besøkte Jesus ein litn tur
Bilde 2: Besøkte tråppi t ein kunstnar. Trapp kjent frå ein U2 video og ein snoop dogg video++
Bilde 3: Lagbilde. Toss, Nelson, Eirik og Dave
Bilde 4: Jiu Jitsu trening med Rio mestern (og sikkerhetsvakten på hostelle)
Bilde 5: Maracana. Fluminense- Sao Paulo
Bilde 6: Ingrid, Tonje, Gaute og Eirik på Lopas Mendez
Bilde 7: Team i bursdag t ei gal lokal dama!

Thursday, May 14, 2009

Costa rica







Som sagt kom me til san jose i costa rica klokka 13 den 18 april. Den dagen kom me oss tile i seng. Neste dag gjekk me litt rundt i byen og kikka og bestilte tur vidare dagen etterpå, for d e ikkje so mykje å sjao i san jose.
Dagen etterpå ville me komma oss til ein by som heitte La Fortuna som ligge rett ved vulkanen Arenal. Den beste måten å komma seg dit på, meinte me, var rafting. Me sto opp klokka 6 om morgonen og vart køyrt til elva. Der fekk me frukost på basen til raftingselskapet før me hoppa i båtane. Det var ein grei tur med 6 stk i båten, når me hadde reist i ca 2 timar nedover elva midt i regnskogen, var det på tide med lunsj. Me svinga inn til elvebredden, der guidane lagde i stand eit langbord med mykje god mat og frukt. Det som vart til overs fekk den lokale indianarstammen. Etter lunsj padla me vidare nedover elva i ca. 1 time før me var framme. Der plukka bilane oss opp, me dusja og fekk på oss tørre kle før me vart køyrt til La Fortuna.
I La Fortuna hadde me leigd oss inn på eit hostell for nåken daga. Som sagt ligge La Fortuna rett ved Arenalvulkanen, so om kveldane kunne me nett skimte lava som rann nedover toppen (men berre når det ikkje var for mykje damp rundt toppen. I La Fortuna va da ekstremt goe haingekøye, so det vart óg nåken tima der me berre laog å les bok og slappa av.
Me va óg ute ein litn tur eller to me ein gjeng so me møtte der. Den eine kveldn va vel meir minneverdig enn den andre. Ette nåkken pils og mykje prat vart d føreslått at me skulle reisa t dei varme kildene ved vulkanen. Å d vart visst ikkje berre me prate, 10 minutt seinare sat me i kvar vår bil fullstappa med badenymfe og køyrde til kildene. Dei var varme og goe, meir som eit boblebad:p

Etter La Fortuna reiste me vidare til Monteverde. Me hadde booka jeep-båt-jeep tur dit, slik at me slapp å køyra rundt heile innsjøen som låg i mellom. Fyrst køyrde me 10min med bil på bort til innsjøen, so 45min med båt over innsjøen, so 2 tima med bil oppover smale grusvega opp mot byen Santa Elena i området monteverde. Når me var framme på 1400 meter i den vesle byen sjekka me inn på hostelle, gjekk opp i gata og åt og so møtte me på ein gjeng med canadiara so me hadde møtt i La Fortuna. Dei lurte på om me ville vera me å ta ein øl på ein plass med livemusikk og eit tre igjennom taket. Sia me e so høflege, so kunne me jo ikkje sei nei. Etter ei stund med dyr drikke, høyrte me om ein plass som heitte sanchos, der det var bål i hagen og cuba libre nok til alle.
Dagen etterpå reiste Eirik og Gaute på besøk på kaffiplantasjen til Don Juan. Det va mykje kaffitre, litt sukkerrøyr og god nybrent/-trakta kaffi.
Vart sanchos med canadiarane den kvelden óg.
Gaute og Torstein reiste på canopying dagen ette (http://www.monteverdeextremo.com), Eirik helde seg for go t sånt tull og heldt seg heller heima (høgdeskrekk). Canopying e at du reise igjennom skogen ifull fart, høgt oppe i ein wire. Men d so va mest moro, va tarzanswingen, der du staor på ei plattform høgt oppe i eit tre, hoppa ut, dette ne, so teke taue tak og du flyge att og fram som ein pendel.
Vart sanchos me canadiarane den kvelden óg.

Neste dag reiste me viare me minibuss t kysten og byen Manuel Antonio.
Der va me i nesten ei veka, me hang på stråndi, gjekk ein tur, spelte litt fotball, låg i hengekøya, badi i bassenge (som det forestn va ei 1,5m lang øgla i eine dagen), slengte oss i tau, slappa av litt meir i hengekøya og åt mat.
Når me skulle tbake t San Jose for å ta flye viare t Brasil, hadde me tenkt å ta bussen. Den tok 4 tima og kosta 3-4 us$ per stk. Men når me kom t busstasjonen var alle bilettane for alle bussane den dagen utsolgt. Men me måtte komma oss t san jose i og med at me hadde eit fly å rekka neste dag. Derfor enda d opp med at me måtte betala ein pirattaxi 90 dollar per stk i stadan for 4. Det positive va at han køyrde som eit svin so d tok berre to tima.

I san jose åt me, sov me og so reiste me på flyplassen.

Bilde 1: Rafting gjennom regnskogen.
Bilde 2: Gjeng ute i La Fortuna.
Bilde 3: Hengekøyechill i La Fortuna.
Bilde 4: Eirik og Gaute med kaffimann Don Juan.
Bilde 5: Toss og Gaute canopying.
Bilde 6: Eirik og Toss bassengchill.
Bilde 7: Toss fornøyd me korthus og gaute i hengekøya i Manuel Antonio.