Thursday, May 14, 2009

Costa rica







Som sagt kom me til san jose i costa rica klokka 13 den 18 april. Den dagen kom me oss tile i seng. Neste dag gjekk me litt rundt i byen og kikka og bestilte tur vidare dagen etterpå, for d e ikkje so mykje å sjao i san jose.
Dagen etterpå ville me komma oss til ein by som heitte La Fortuna som ligge rett ved vulkanen Arenal. Den beste måten å komma seg dit på, meinte me, var rafting. Me sto opp klokka 6 om morgonen og vart køyrt til elva. Der fekk me frukost på basen til raftingselskapet før me hoppa i båtane. Det var ein grei tur med 6 stk i båten, når me hadde reist i ca 2 timar nedover elva midt i regnskogen, var det på tide med lunsj. Me svinga inn til elvebredden, der guidane lagde i stand eit langbord med mykje god mat og frukt. Det som vart til overs fekk den lokale indianarstammen. Etter lunsj padla me vidare nedover elva i ca. 1 time før me var framme. Der plukka bilane oss opp, me dusja og fekk på oss tørre kle før me vart køyrt til La Fortuna.
I La Fortuna hadde me leigd oss inn på eit hostell for nåken daga. Som sagt ligge La Fortuna rett ved Arenalvulkanen, so om kveldane kunne me nett skimte lava som rann nedover toppen (men berre når det ikkje var for mykje damp rundt toppen. I La Fortuna va da ekstremt goe haingekøye, so det vart óg nåken tima der me berre laog å les bok og slappa av.
Me va óg ute ein litn tur eller to me ein gjeng so me møtte der. Den eine kveldn va vel meir minneverdig enn den andre. Ette nåkken pils og mykje prat vart d føreslått at me skulle reisa t dei varme kildene ved vulkanen. Å d vart visst ikkje berre me prate, 10 minutt seinare sat me i kvar vår bil fullstappa med badenymfe og køyrde til kildene. Dei var varme og goe, meir som eit boblebad:p

Etter La Fortuna reiste me vidare til Monteverde. Me hadde booka jeep-båt-jeep tur dit, slik at me slapp å køyra rundt heile innsjøen som låg i mellom. Fyrst køyrde me 10min med bil på bort til innsjøen, so 45min med båt over innsjøen, so 2 tima med bil oppover smale grusvega opp mot byen Santa Elena i området monteverde. Når me var framme på 1400 meter i den vesle byen sjekka me inn på hostelle, gjekk opp i gata og åt og so møtte me på ein gjeng med canadiara so me hadde møtt i La Fortuna. Dei lurte på om me ville vera me å ta ein øl på ein plass med livemusikk og eit tre igjennom taket. Sia me e so høflege, so kunne me jo ikkje sei nei. Etter ei stund med dyr drikke, høyrte me om ein plass som heitte sanchos, der det var bål i hagen og cuba libre nok til alle.
Dagen etterpå reiste Eirik og Gaute på besøk på kaffiplantasjen til Don Juan. Det va mykje kaffitre, litt sukkerrøyr og god nybrent/-trakta kaffi.
Vart sanchos med canadiarane den kvelden óg.
Gaute og Torstein reiste på canopying dagen ette (http://www.monteverdeextremo.com), Eirik helde seg for go t sånt tull og heldt seg heller heima (høgdeskrekk). Canopying e at du reise igjennom skogen ifull fart, høgt oppe i ein wire. Men d so va mest moro, va tarzanswingen, der du staor på ei plattform høgt oppe i eit tre, hoppa ut, dette ne, so teke taue tak og du flyge att og fram som ein pendel.
Vart sanchos me canadiarane den kvelden óg.

Neste dag reiste me viare me minibuss t kysten og byen Manuel Antonio.
Der va me i nesten ei veka, me hang på stråndi, gjekk ein tur, spelte litt fotball, låg i hengekøya, badi i bassenge (som det forestn va ei 1,5m lang øgla i eine dagen), slengte oss i tau, slappa av litt meir i hengekøya og åt mat.
Når me skulle tbake t San Jose for å ta flye viare t Brasil, hadde me tenkt å ta bussen. Den tok 4 tima og kosta 3-4 us$ per stk. Men når me kom t busstasjonen var alle bilettane for alle bussane den dagen utsolgt. Men me måtte komma oss t san jose i og med at me hadde eit fly å rekka neste dag. Derfor enda d opp med at me måtte betala ein pirattaxi 90 dollar per stk i stadan for 4. Det positive va at han køyrde som eit svin so d tok berre to tima.

I san jose åt me, sov me og so reiste me på flyplassen.

Bilde 1: Rafting gjennom regnskogen.
Bilde 2: Gjeng ute i La Fortuna.
Bilde 3: Hengekøyechill i La Fortuna.
Bilde 4: Eirik og Gaute med kaffimann Don Juan.
Bilde 5: Toss og Gaute canopying.
Bilde 6: Eirik og Toss bassengchill.
Bilde 7: Toss fornøyd me korthus og gaute i hengekøya i Manuel Antonio.

2 comments:

  1. fin overskrift, gratulerar med den...

    ReplyDelete
  2. haha, visste ikkje at denna va publisha:p restn kjemme nu! + brasil!

    ReplyDelete